Trenerkurset har første kurshelg 2.-4. mars 2012. Fram til andre kurshelg i november har du ein praksisperiode der du får prøve ut det du lærer på kurset.
I år har vi fokus på leiarar. Derfor tilbyr vi ein gratisplass til kvar krins. Både deltakeravgift og reise blir dekka av forbundet. Dette fordi vi ynskjer at fleire blir trenarar. Vi trur også krinsane har god nytte av å ha trenarar i eigen krins.
Mange har stabserfaring, no har de sjansen til å bli trenarar. Snakk med krinsleiaren din for å høyre om du kan få reise eller ta kontakt med kursleiar Ellen Hortemo på e-post ellenhortemo@gmail.com eller Hanne på forbundskontoret på e-post hanne@kmspeider.no.
Det er ingen grunn til å nøle. Neste trenerkurs er ikkje før i 2014. Dei som tar trenerkurs no blir også invitert til trenertreff i haust, og kjem dermed rett inn i eit sosialt og faglig nettverk.
Les om trenerkurset her.



