Lær om korleis det er å ha ulike former for funksjonshemming eller vanskar. Det finns veldig synlege funksjonshemmingar som t.d. å sitte i rullestol, dårlig hørsel eller vere synshemma. Nokre vanskar er mindre tydlege. T.d. dysleksi, astma, muskel- og leddplager, konsentrasjonsvanskar, matallergi. Også dei med midlertidige funksjonshemmingar som å gå på krykker eller ha ein brekt arm, treng kanskje tilrettelegging.
Tips til å auke forståinga:
- Besøk eit revmatikerbad. Kvifor er det så varmt?
- Gå ein runde i sentrum eller i offentlege bygg. Korleis er det tilrettelagt og kvar er det vanskelig for funksjonshemma å bevege seg?
- Besøk ei kantine, kafe eller restaurant og spør om dei har mat for dei med allergi. Laktose, cøliaki og nøtter t.d.