Forslag til leikar

Leikane passar til temaet hiv/aids og det er meininga at ein diskuterer og snakkar om temaet i etterkant.

Aktivitet: ”Merkelapp”

Antall: Minst 8 personer

Tidsbruk: 15-20 min

 

Metode:

Deltakarane dannar ein sirkel i eit rydda rom.
Speidarleiaren ber deltakarane om å følge to reglar: Late att auga og vere stille. Gjer dei merksam på at nokon vil ta i ansiktet deira.
Leiaren plasserer eit farga klistremerke i panna på alle speidarane, utanom ein (eller to ettersom kor mange som deltar). Fordel klistremerka slik at 3-5 personar har samme farge.
Leiaren forklarer at dei no kan opne auga og begynne å danne grupper utan å snakke.
Når leiaren meiner at det har blitt danna grupper, set alle seg ned og diskuterer utfallet og erfaringane med gruppedanninga.
 

Diskuter:

Kvifor grupperte ein seg etter farge, sjøl om speidarleiaren ikkje sa noko om det?
Korleis reagerte du? Hadde du ei aktiv rolle, eller venta du for å sjå kvad ei andre ville gjere?
Korleis visste du fargen på ditt eige klistremerke? Korleis bygger folk identitet?
Kva skjedde med dei utan klistremerke? Kvifor?
Ville du gjort noko annleis om leiken skulle gjennomførast igjen?
På kva andre måtar kunne de ha danna grupper?
·         Kan de koble denne leiken til verkelege situasjonar? Har du eigne erfaringar?

 

 

Aktivitet: ”Can I join?”

Antall: Minst 8 personar

Tidsbruk: 15-30 min

 

Metode:

Forklar deltakarane at dei skal finne seg ei gruppe å bli med i. Men dei får ikkje bli med i gruppa utan å bli akseptert.
3-4 personar får instruksjonar om kva som skal vere kriteriet for å bli med i deira gruppe. Til dømes:
-          Godkjenn kun dei som har briller på.

-          Godkjenn kun dei som har på seg jeans.

-          Godkjenn kun dei som har ein bror.

-          Godkjenn kun dei som har mørkt hår.

-          Godkjenn kun dei som har på seg speiderskjorte.

-          Godkjenn kun dei som har på seg noko rosa eller blått.

-          Osv… Vel noko som passar den gruppa som deltar i leiken.

 

Det er eit poeng at ikkje alle skal finne ei gruppe å bli med i.
 

Resten av deltakarane skal no finne seg ein plass i ei gruppe ved å spørre om å få bli med.
Gruppeleiarane godkjenner eller nektar deltakarane å bli med i gruppa utfrå kriteriet dei har fått tildelt. Dei kan stille spørsmål dersom det er nødvendig.
Gi deltakarane nokre minutt til å finne seg ei gruppe. Ikkje alle vil finne ei gruppe som aksepterer dei og vil stå igjen i midten.
 

Diskuter:

Opplevde de å bli avvist av ei eller fleire grupper? Korleis var det å ikkje vere velkommen?
Til dei som ikkje fann seg ei gruppe: Korleis var det å ikkje bli akseptert av nokon av gruppene? Danna dei seg ei eiga gruppe? Kvifor?
Kva følte du når du vart akseptert i ei gruppe?
Var det nokon som vart akseptert i fleire grupper og måtte velge?
 

Ta notatar, og referer deretter til mennesker som lever med HIV.

·         Korleis trur du HIV-positive personar føler det når dei blir avvist? Er det likt eller ulikt følelsane vi fekk under denne leiken?

·         Tenk deg eit ”drømmesamfunn” med rettferd og nestekjærleik, korleis hadde denne leiken blitt?

 

 

Aktivitet: Korleis verkar HIV

Antall: minst 8 personar

Tidsbruk: 15-20 min

 

Metode

”Skodespel” om korleis virus verkar.
Del ut roller:
-          Ein person (X) skal vere seg sjølv. Instruksjon: Stå framfor dei andre deltakarane.

-          Tre personar får i oppgåve å vere immunforsvaret til (X). Instruksjon: Stå rundt (X) og hpld kvarandre i handa. Pass på at ingen tar borti (X).

-          Ein person kan vere gonorè

-          Ein person kan vere herpes

-          Ein person kan vere tuberkulose

(Velg sjukdomar ut frå kva land ein er i)

Instruksjon: Desse sjukdomane prøvar etter tur å nå (X), men mislykkast fordi dei ikkje kjem seg forbi immunforsvaret som beskyttar (X).

-          Ein person får no i oppgåve å vere HIV. Instruksjon: Denne personen klarar å øydelegge ringen som immunforsvaret dannar rundt (X). No kan også dei andre sjukdommane komme innanfor sirkelen, noko som gjer at (X) blir svakare og svakare. (X) har fått alvorlege helseproblem…

-          Immunforsvaret spelar nedbrutt og paralysert, og dei tre sjukdomane får ”besøk” av fleire sjukdomar (t.d. influensa). Dei flokkar seg rundt (X) som til slutt dør.

 

Diskuter og svar på spørsmål. Speidarleiaren bør gjere greie for forskjellen mellom HIV og AIDS.